-
Steingodsleire er ei robust og allsidig leire som blir brend ved høge temperaturar, vanlegvis mellom 1200 og 1300 °C. Den sterke brenninga gjer at leira får ein tett og hard struktur som eignar seg godt til både bruksgjenstandar og kunstnarlege uttrykk.
Originalitet oppstår gjennom personlege val av form, overflate og teknikk. Hjå Mormors Keramikk blir dette uttrykket forsterka av naturinspirerte glasurar i jordnære og organiske tonar. Glasurane har mjuke overgangar og små variasjonar som kan minne om stein, lav, vatn eller mineralavleiringar, og kvar brenning gir eit unikt, levande resultat.
Saman skapar dette keramikk som er både funksjonell og vakker, med ei kjensle av ro, enkelheit og nærleik til naturen.
-
Hjå Mormors Keramikk startar idéutviklinga med å utforske form, funksjon og naturlege inspirasjonskjelder. Skisser, små testar og prøving av ulike leiretypar og overflater er ein viktig del av starten. Når forma er bestemt, blir ho bygd med fokus på presisjon og eit handverk som tåler bruk i kvardagen.
Etter forming følgjer nøye tørking og råbrann som stabiliserer gjenstanden. Deretter blir naturinspirerte glasurar prøvde ut for å finne dei tonane og strukturane som skapar det rolege, organiske uttrykket som kjenneteiknar verksemda. Eg føretrekker fargar som finst i naturen, og som gir assosiasjonar til jord, himmel, vatn og stein. Siste brenning på høg temperatur gir ein sterk, varig og unik bruksgjenstand – eit resultat av både planlegging, eksperimentering og kjærleik til materialet.
-
Smørklokka
Mormors handlaga smørklokke i keramikk er inspirert av klassiske franske smørkrukker. Ho held smøret ferskt og mjukt i romtemperatur, utan behov for kjøleskap. Praktisk, vakker og laga for å vara. Leira er enten grå, spetta eller kvit. Saman med glasuren gjer desse variasjonane av materiale at kvart produkt har litt ulik karakter og fargesjatteringar.
Kaffikopp
Koppane er ca sju cm høge, rommar omtrent 2,5 dl, og har eit design med ein markert hank som saman med den solide koppen utgjer eit unikt og innbydande uttrykk.
Krukke med lokk
Ei sjarmerande, handlaga krukke med lokk – perfekt til flaksalt, smykker eller andre småting ein ønskjer å ha samla og synleg. Lokket er pryda med eit lite, humoristisk dyr som fungerer som hank og gir krukka eit unikt uttrykk. Kvar krukke har sine eigne naturlege variasjonar i form og glasur, noko som understrekar det handlaga preget.