Kjøpsbetingingar for mormorskeramikk.no

1. Produkt og handverk
Alle produkt er handlaga keramikk, og små variasjonar i form, farge og glasur kan førekoma. Desse vert rekna som ein naturleg del av handverket.

2. Pris og betaling
Alle prisar er oppgjevne i NOK og inkluderer mva. Betaling skjer gjennom dei betalingsløysingane som er tilgjengelege i nettbutikken.

3. Frakt og levering
Varer vert sende innan 3–7 arbeidsdagar. Fraktkostnad vert vist før du fullfører kjøpet. Kunden er ansvarleg for å oppgje korrekt adresse.

4. Angrerett
Du har 14 dagar angrerett etter angrerettlova. Produktet må returnerast uskadd og i original stand. Kunden betalar returfrakt. Angreretten gjeld ikkje for spesialbestillingar som er laga på førespurnad.

5. Reklamasjon
Dersom produktet har ein feil eller kjem skadd fram, ta kontakt innan 7 dagar med bilete av skaden. Du vil få nytt produkt eller pengane tilbake.

6. Personvern
Vi behandlar personopplysningane dine i tråd med gjeldande regelverk. Informasjonen vert berre brukt for å gjennomføra bestilling og levering.

7. Kontakt
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på: post@mormorskeramikk.no