Om meg
Eg bur i Stavanger og har hatt mitt virke som illustratør sidan tidleg 2000‑talet, då i hovudsak med bøker, reklame, magasin og aviser. I tillegg har eg skrive og illustrert tre eigne bøker: L. Ands Dagbok, Neppe og Kuvenninnene.
I dag er eg lektor i kunst, design og arkitektur (KDA) ved vidaregåande skule.
Gjennom praksisen som kunstfaglærar fann eg vegen inn i keramikken – og sidan har eg vore hekta. Leire er eit unikt materiale – lett å forme, men krevjande fordi det treng presisjon, tolmod og god kjennskap til fukt, tørketid og temperatur. Under brenning skjer ei stor forvandling der leira tørkar, herdar, bind glasur og blir til noko sterkt og varig. Det uforutsigbare i kombinasjon med det kontrollerte gjer faget både utfordrande og djupt fascinerande.
Å arbeide med leire er ein dialog med materialet – ein må teste, justere og lære undervegs. Resultatet er gjenstandar som ber spor av prosessen, handverket og ikkje minst naturmaterialet i seg sjølv.
***
Bakgrunn
Bachelor i Illustrasjon og grafisk design frå Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen
PPU frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen
Master i Kreative fag og læreprosesser frå Høgskulen på Vestlandet, avdeling Stord